• 0 Items - kr0
    • Ingen varer i handlekurven.

Aktuelt

unnamed

                  Blåmuggosten Kraftkar frå Tingvollost gjekk til topps i World Cheese Award i                          2016. Foto: Hans-Olav Rise / Nynorsk pressekontor

Organisasjonen Norsk Gardsost fyller 25 år i desse dagar. I dag er det mogleg å kjøpe meir enn 400 ulike osteslag frå 130 ysterier. 

På www.facebook.com/Hostkonferansen 2022 er vi så heldige å få besøk av Norsk Gardsost – følg oss på facebook.com/lillemaane for oppdateringer om det spennende programmet!

– Eg gratulerer Norsk Gardsost og alle dei kreative og flinke medlemene deira, som har vore fyrtårn i den sterke utviklinga for norsk lokalmat. Kvaliteten på norske ostar er stadfesta gjennom topp-plasseringar i konkurransar både nasjonalt og internasjonalt, der to norske ostar har vunne VM, seier landbruks- og matminister Sandra Borch i si jubileumshelsing.

Omsetninga av lokal mat og drikke gjennom daglegvarehandelen har auka frå 2,3 milliardar kroner i 2011 til 6,8 milliardar kroner i 2021. Totalt vart det selt lokal mat og drikke for godt over 11 milliardar i 2011. Tal frå Ipsos viser at to av ti nordmenn et lokalproduserte ost kvar månad, ifølgje Norsk Gardsost.

 

Standen til Norsk Gardsost under Matstreif i Oslo før pandemien. Foto: Hans-Olav Rise / Nynorsk pressekontor

Inderøy først ute

Det første autoriserte gardsysteriet, Gangstad gardsysteri på Inderøy i Trøndelag, vart opna i 1998. Fire år seinare kom Voll Ysteri på Jæren, og dei vart det aller første med godkjenning for upasteurisert osteproduksjon frå kumjølk.

Undredal Stølsysteri i Sogn var det første med løyve til å yste av upasteurisert geitemjølk i 2003. Avdem gardsysteri i Lesja, Eiker gardsysteri i Buskerud og Tingvollost på Nordmøre er alle kjende ysteri som vart etablerte kring tusenårsskiftet.

Det er i dag lokale ysteri i heile landet. Ostemakar Øverli i Trofors i Aust-Finnmark ligg lengst nord, medan Tjamsland gard i Agder er det sørlegaste.

I 2016 vann Tingvollost sjølvaste World Cheese Award med blåmuggosten Kraftkar. I 2018 vann den lagra goudaosten Fanaost frå Ostegarden i Fana finalen. Ein norsk geitost kom på andreplass, og flier titals norske ostar vart premierte med supergull, sølv og bronse.

Småskala mjølkeforedling

Det var Pascale Baudonnel som i 1997 tok initiativ til å etablere organisasjonen Norsk Gardsost med føremål å arbeide for betre rammevilkåra for småskala mjølkeforedling i Noreg. Den gongen var det ikkje noko regelverk som var tilpassa småskalaproduksjon, og upasteurisert ost var ikkje lovleg.

I dag har organisasjonen 331 medlemer, og av desse ver det 130 aktive medlemsysteri. Norsk Gardsost har nær sjudobla medlemstalet sidan starten.

– Norsk Gardsost har gjort eit stort arbeid for å vidareføre gamle ystetradisjonar. Organisasjonen har fremja mangfald ved å byggje kunnskap og dele erfaringar, seier styreleiar Turid Nordbø. Ho fortel at det er skapt ein kultur der medlemsbedriftene ser på kvarandre meir som hjelparar enn konkurrentar.

Norsk Gardsost markerer jubileet med festmiddag på Oscarsborg festning i Drøbak.

(©NPK)

Innlegget ble først publisert av Nynorsk Pressekontor.

 

Kommentar fra Lille Måne:

Mange er måteholdne med å spise ost, både halvfete og helfete, i redsel for innholdet av mettet fett og den oppleste “sannheten” om at mettet fett øker kolesterolnivåene i blodet og at dette er utelukkende farlig. Men kroppen trenger kolesterol, og alt kolesterol er ikke farlig. Faktisk inngår kolesterol i alle kroppens cellemembraner, og uten kolesterol overlever du ikke! 

Vil du vite mer om kolesterol og hvordan helseperspektiver plutselig gjorde fett i maten til en folkefiende kan vi trekke frem to e-bøker: Matrevolusjonen av lege Andreas Eenfeldt. Drivende godt skrevet om nettopp hvordan sukker ble frikjent, men fett ble fienden en gang på 60- og 70-tallet. (Var fedme et stort problem da?) Den skotske legen Malcolm Kendrick går videre, og forklarer hvordan denne teorien ga legemiddelindustrien en uendelig gullgruve i kolesterolsenkende medikamenter. Gjør disse mer skade enn nytte? Kendrick forklarer i detalj de ulike typene kolesterol (det er mange av dem), og hvilke oppgaver de har i kroppen. Så vil du fylle på med kunnskap som gjør at du kan spise mer ost med god samvittighet? Her har du to bøker som kan roe nervene dine, og fylle magen med deilige, fete og halvfete, proteinrike oster fra norske topp-produsenter:

Matrevolusjonen (e-bok) 

Det store kolesterolbedraget (e-bok)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Cookies

Our website uses cookies for you to be able to use our services and for analytics. Thus, we can create a better service for you. We are obliged to inform you about this, and if this is okay, you can continue to use the website as normal. Read more