Description
Anna Lena er del av Lille Måne si Storskriftserie – kvalitetslitteratur i lettlest format.
Les meir her: Storskriftserien
Fleire og fleire frå grendene langs fjorden har teke seg arbeid i byen, men har førebels ikkje råd til å få seg hus der. Så må dei reise to timar fram og tilbake kvar dag, dei reiser klokka seks og kjem heim klokka seks. Dei hadde vel tenkt at arbeidet i byen skulle bli kortvarig, til dei kom seg ovanpå økonomisk. Men oppseiingsdatoen blir stadig skuva lenger ut i ei ukjend framtid. Månadene går, åra går, framtida blir avgjord av krefter dei ikkje rår med.
Forteljinga reiser fram og tilbake i tid og stad, Anna Lena ventar i byen.
EDVARD HOEM (f. 1949) debuterte med diktsamlinga Som grønne musikantar i 1969, og sidan har han vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. Han er ein av våre mest elska forfattarar og vart i 2019 tildelt Brages heiderspris.